«Tonna» takkar for seg

Endringar i Storfjord kulturhus

– No er tida komen for å takke for meg. Eg har hatt det fole kjekt i jobben min som kinosjef og vaktmeister, men er no klar for å bli pensjonist, seier kinosjef Knut-Arne Humberset på Storfjorden kulturhus

Storfjord Kulturhus: Knut-Arne Humberset (t.v.) og Sigurd Drege har hatt mykje artige dagar på jobb saman.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

I samband med at Knut-Arne Humberset, mellom kjende kalla Tonna, går av som kinosjef og altmoglegmann på Storfjord kulturhus i juli, så vert det gjort endringar i drifta. Dagleg leiar Sigurd Drege vil ta over Tonna sin jobb til hausten og dermed vert leiarstillinga til Drege ledig.