Lammingstid i Gjerdegarden

Eit hektisk høgdepunkt

Med rutinerte rørsler gjer sauebonde Otto Magne Strømmegjerde seg klar for å ta imot lam. Dette har han gjort eit utal gongar før.

Lammingstid: Dei siste dagane har det vore ekstra hektisk i fjøsen. Om lag 100 lam er venta å sjå dagens lys, og då har bonde Otto Magne Strømmegjerde nok å henge fingrane i.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Det er ein roleg atmosfære i sauefjøsen i Gjerdegarden, til trass for at det i desse dagar stadig kjem nye liv til verda. Nyss får vere med då søye nummer 40075, fødd i 2014, skal lamme. Ifølgje fosterteljinga er det venta å kome heile fire lam.