Fire nye smittetilfelle i Stranda:

– Vi er førebudde på at det kan komme meir smitte

Måndag meldte Stranda kommune på sine heimesider at fire personar har testa positivt for covid-19. Dei smitta er i same husstand.

Ordførar Jan Ove Tryggestad er førebudd på at fleire kan teste positivt for korona i Stranda.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik / Sunnmørsposten

Nyhende

– Eit høgt tal personar har testa seg, både dei som har vore i nærleiken av dei smitta, og folk som føler seg utrygge. Vi håpar å få svar på om det er meir smitte i kommunen i kveld, men det er avhengig av testkapasiteten på sjukehuset i Molde, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.