Hotel Union Geiranger og Hotell Utsikten

Vil opne, men har ikkje arbeidskraft

Hotel Union Geiranger og Hotell Utsikten er klare til å opne dørene, men mangel på arbeidskraft gjer at dei må utsette opningsdato til det kjem nye reiseråd.

Manglar arbeidskraft: Monja Mjelva, administrerande direktør ved Hotel Union Geiranger, håpar hotellet kan opne i slutten av mai.   Foto: Arkivfoto Johan Behrentz

Nyhende

– Vi reknar med at det er stort sett norske turistar som kjem til Geiranger i sommar, og drifta blir lik den i fjor. Til dømes vil all matservering bli a la carte. Eg trur dette kan bli varige endringar, også etter koronapandemien er over, seier administrerande direktør ved Hotel Union Geiranger Monja Mjelva.