Røy på tur

Storfint besøk i Vikedalen barnehage

Måndag fekk vi storfint besøk i barnehagen vår. Ei røy hadde nemleg bestemt seg for å sjekke ut kor kjekt vi har det i Vikedalen.

Helsa på: Ola Riksheim Kulseth klappa røya.  Foto: Privat

Nyhende

Røya spankulerte i lag med oss ute på leikeområdet vårt, ikkje var den redd heller. Både små og store syntest no dette var kjempe spennande. Røya var ganske så fotogen og poserte faktisk då vi tok bilete av den! Anne Grethe Blindheim fekk dokumentert besøket då den poserte fint på gjerdetoppen. Nesten heile veka var røya på besøk, det verka verkeleg som den likte å vere saman med oss.