Tok eit djupdykk i temaet «vatn»

I samarbeid med Sykkylven Energi har åttandeklassingane på Sykkylven ungdomsskule hatt eit naturfagprosjekt om vatn. Onsdag 12. mai presenterte elevane kva dei har lært.

Data: Ravn, Ludvig, August, Jakub og Dani har brukt dataspelet «Minecraft» i gruppearbeidet sitt.   Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Det er ein hektisk dag, onsdag 12. mai, for åttandeklassingane på Sykkylven ungdomsskule. Det er like før langhelg, og i tillegg til at dei skal ha munnleg tentamen, har òg Sykkylven Energi kome på besøk denne føremiddagen. Dei er her for å høyre elevane presentere kva dei har lært i det siste naturfagsprosjektet deira.