Kommuneoverlegen om vaksineprioriteringa:

– Alle over 18 skal ha fått tilbod i månadsskiftet juli/august

Avgjerda om at Austlandet vil få fleire vaksinar medan resten av landet vil få mindre har skapt reaksjonar. Kommuneoverlege Aleksander Sommerdalen i Sykkylven og Stranda meiner at omfordelinga vil ha ein moderat konsekvens.

Positiv: Kommuneoverlege i Sykkylven og Stranda, Aleksander Sommerdalen, meiner det er grunn til å sjå lyst på vaksinesituasjonen i kommunane, sjølv om fleire av dosane som skulle hit vil gå til Austlandet i staden.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– No er det slik at det vil bli ein betydeleg auke i talet på vaksinar i sommar, og det blir litt av den auka som blir stoppa. Både Sykkylven og Stranda vil få fleire vaksinar enn det dei har fått til no, seier kommuneoverlege Aleksander Sommerdalen til Nyss.