Kommunereformskeptikar på turné:

– Samanslåing løyser ingenting

Per Gunnar Stensvaag frå Trysil er på turne med den nye boka si «Kaosreformene. del 1». I helga stoppa han hos ordføraren i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug (Sp), for ein liten prat.

Forfattar Per Gunnar Stensvaag (t.v. ) møtte ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug, til ein prat om kommunereforma. 

Nyhende

Forfattar Per Gunnar Stensvaag er flygar av yrke, og har mellom anna vore skøyteløpar og fagdommar i Kvitt eller dobbelt. Mange kjenner han best for engasjerte lesarinnlegg og føredrag om kommunereforma. Boka «Kaosreformene. del 1» vart lansert for ei vekes tid sidan, og allereie har Stensvaag selt 400 eksemplar.