Biblioteka i Sykkylven og Stranda

Inviterer til lesekonkurranse

Sommarles: Martine Rørstad Sand ved Stranda bibliotek fortel at det er mange barn som finn lesegleda gjennom Sommarles.   Foto: Privat

Nyhende

Frå 1. juni til 31. august kan alle 1. – 7. klassingar i Sykkylven og Stranda vere med på den digitale lesekampanjen Sommarles saman med barn frå heile landet. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auke lesekompetansen.