Initiativtakarane for ladestasjon i Sykkylven blei heidra med solsikker

Markerte verdas miljødag

Leiar Sindre Stuen i Sykkylven SV håpar at dette vil bli ein tradisjon i bygda.

Markering: Leiar Sindre Stuen i Sykkylven SV heldt appell under markeringa av verdas miljødag ved den nye hurtigladaren ved Coop Mega i Sykkylven sentrum.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

5. juni er verdas miljødag, ein merkedag som har vore feira over heile verda sidan den vart skipa under FN si miljøvernkonferanse i Stockholm i 1972. I år vart den òg markert i Sykkylven, like ved den nye hurtigladestasjonen ved Coop Mega.