No blir det ny tunnel over Strynefjellet:

– Ein må ikkje gløyme straumforsyninga

Per Ivar Lied frå Senterpartiet fryktar mangel på elektrisk infrastruktur vil forseinke bygginga av ny tunnel på Strynefjellet.

Tunnel: Per Ivar Lied frå Senterpartiet er glad for at ny tunnel på Strynefjellet blir ein del av NTP, men fryktar at prosjektet kan bli utsett dersom ein ikkje planlegg for infrastruktur for straumforsyning i same slengen.  Foto: Privat

Nyhende

Etter mykje om og men har det blitt klart at utbetring av riksveg 15 over Strynefjellet, med arm til Geiranger, no blir ein del av Nasjonal transportplan (NTP). Dette er noko fleire, særleg næringslivet på Indre og Søre Sunnmøre og Nordfjord, har venta på lenge, og reaksjonar frå glade næringsdrivande og politikarar har ikkje latt vente på seg.