Bom stopp for Hans Even

Vanskeleg å kome seg fram

Hans Even Krüger synest at det kan vere vanskeleg å kome seg fram på skogsvegar med el-sykkelen sin. Han ønskjer betre tilrettelegging for rørslehemma.

Bom stopp: Det er hit men ikkje lenger for Hans Even.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

– Her vert det bom stopp, seier Hans Even Krüger, og peikar på bommen mot ein skogsveg i nærleiken av Slettegjerde i Straumgjerde. El-sykkelen hans er for brei til å passere gjennom grinda ved bommen. Problemet ser han ulike stadar kring i bygda. Nokre stadar går det kanskje, men han kan ikkje ta sjansen på at sykkelen kan velte ut i grøfta om det viser seg at det ikkje går.