Lokale musikarar til kyrkjekonsert:

- Ei musikalsk skattejakt

Onsdag blir det konsert i Liabygda kyrkje med lokale musikarar. 

Kyrkjekonsert: Musikk frå komponistar frå fleire ulike land står på repertoaret for konserten onsdag.   Foto: Privat

Nyhende

Dei lokale musikarane er Rune Johnsen Klevberg på orgel og Kjartan Lied på song. Dei er begge frå Liabygda, men vi får også høyre vokalisten Karianne Vikene frå Fjørå i Valldal akkompagnert av Carolin Eide på piano. Rune er for tida kantor i Olsvik kyrkje i Bergen og stiller til konsert under ferien sin i heimbygda.

Konserten går under namnet «Musikalsk skattejakt» då det er god og variert musikk frå fleire komponistar å oppdage. Frå dei nordtyske barokkomponistane Bruhns og Buxtehude, franske Saint-Saëns, engelske Sumsion, canadiske Bédard, til USA med Price, den første kvinnelege afroamerikanske komponisten til å få oppført ein symfoni av eit leiande orkester. Tilbake til Noreg får ein musikk frå Per Hjort Albertsen og Rune sjølv. Det blir også improvisasjonar etter ein folketone frå Anders Stavseng.

Med Kjartan får vi italienske songar frå barokken og nyare kjente songar og viser.