Populær nyopning i Sykkylven

Varene blei nærast rive vekk frå hyllene då Geiranger Bakeri opna i Sykkylven fredag.

Nyopning: Linda Andersson fortel at det har vore ein draumestart for Geiranger Bakeri som opna i Sykkylven fredag 9. juli. Ordførar Odd Jostein Drotninghaug seier at det er eit godt nytt tilskot til bygda.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Det er fleire år sidan det sist var eit fullverdig bakeri i Sykkylven, og basert på talet som har vore innom Geiranger Bakeri på opningsdagen er det eit tilbod som har vore sakna i bygda. Frå dei opna fredag føremiddag og til langt ut på ettermiddagen var det lang kø av folk som ville innom for å få seg fersk brødbakst.