Vatnar blomar

Sommarjobb i sentrum

Petter Rasmussen har fått seg sommarjobb hos Sykkylven handelsforening, der han er ansvarleg for å vatne blomane i Sykkylven sentrum. Han brukar ein artig konstruert reiskap for å utføre jobben.

Køyrer rundt: Det er enkelt å kome seg fram til blomane med UTV'en.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Mange som ferdast i Sykkylven sentrum seine kveldar har sikkert sett Petter Rasmussen (17) ute med UTV'en sin, køyrande mellom blomepottene som nyleg vart hengt opp. Han sørgjer for at fargerike sommarplantar får rikeleg med vatn. Han tek seg oftast ein runde to gongar i veka, men det kjem litt an på vêret. Dette skal han gjere i heile sommar.