Vaksinering:

Ledige plasser til 1. dose i Sykkylven

800 personar har ikkje gitt tilbakemelding om time til koronavaksinering.

Ledige plassar: Sykkylven kommune melder om ledige plassar for 1. dose av koronavaksinering i veke 30 og 31 og oppfordrar folk til å melde seg til vaksine desse vekene.  Foto: illustrasjonsfoto

Nyhende

På Sykkylven kommune sine heimesider skriv dei at opp til 800 personar har fått tilbod om vaksine, men ikkje gitt tilbakemelding. Kommunen er usikre på kvifor ein ikkje har gitt tilbakemelding. Venter ein grunna ferie, ynskjer ikkje vaksine, allereie har fått vaksine eller ikkje har forstått meldinga?

Om du ynskjer å takke nei må du følge lenka du får gjennom sms kor du får val om å takke nei.

Dei ledige timane for dose 1 er i veke 30, 27. juli og veke 31, 03. august. Kommunen oppfordrar folk om å melde seg til vaksine desse vekene.

26. juli vil dei 4 siste årskulla som er igjen få invitasjon på sms til å melde seg til vaksinering.