Amcar-treff i hotellhagen

Alle bilelskarar sin draum

Laurdag var det amcartreff på Stranda, til stor glede for både utstillarar og publikum.

Små, store og blankpolert: Bilar i ulike storleikar vart vist fram på hotellplenen på laurdag.   Foto: randi ansok

Nyhende

I strålande solskin stod den eine amerikanske doningen etter den andre og skein om kapp i hotellhagen på Stranda på laurdag. Då var det nemleg amcar-treff i bygda, og bileigarane hadde sjølvsagt pussa og polert dei staselege bilane sine slik dei skulle ta seg godt ut for publikum.