Brakval for Framstegspartiet

Etter at 99,8 prosent av røystene er talde opp i Stranda og Sykkylven står Framstegspartiet fram som den store valvinnaren. Og mykje kan tyde på at Frank Sve som er Frp sin 2. kandidat er klar for ein periode på Stortinget.

Frank Sve i fokus: Det var tydeleg at Frp-veljarane i Stranda og Sykkylven hadde røysta på Frank Sve og Frp.   Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

I Stranda fekk Frp heile 28,6 prosent, ein framgang på 5,9 prosent frå stortingsvalet i 2017. Senterpartiet fekk ein oppslutnad på 26,0 prosent, ein framgang på 1,8 prosent. Vidare følgde Ap med 16,5 prosent, som er ein framgang på 0,1 prosent. Høgre gjekk tilbake med heile 9,8 prosent til 11,4 prosent. Elles vart det mindre endringar på dei andre partia. SV fekk 4,5 prosent, Raudt 2,1 prosent, MDG 1,7 prosent, KrF 5,2 prosent og andre 2,3 prosent.