Gir tilbake til samfunnet:

– Viktig at ungdomen har ein møteplass

Uteguiden på Stranda har tidlegare opna ein ungdomskafé på Hygge. Grunna pandemien har den vore stengd, men no har den opna att.

Dagleg leiar på Hygge: Oscar Almgren  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Oscar Almgren etablerte Uteguiden i 2012 og er dagleg leiar på Hygge. Han fortel til Nyss at dei ønskjer å engasjere seg meir og gi tilbake til lokalsamfunnet. Difor opna dei ungdomskaféen på Hygge, fordi det ikkje var så mange tilbod til denne målgruppa. Etter å ha vore stengt ei periode er det endeleg mogleg å opne den att.