Endeleg oppstart i pensjonistlaget

Tysdag den 7. september hadde Stordal og Liabygda Pensjonistlag sitt første møte etter coronapandemien

Musikk: Lars Arne og Jostein Frostad underheldt.  Foto: Privat

Nyhende

I Grendasalen i Stordalshallen var det dekka på med ekstra mange småbord med god avstand då leiar Ann Elise Dyrkorn ynskte vel møtt. Sangen til bygda var som vanleg starten der vi denne gongen hadde fått musikarar frå Tomrefjorden som spela til allsongen. Det var Lars Arne og Jostein Frostad på trekkspel og bass, og dei greidde jobben bra.