Inviterer til møte om reiselivsprosessen

Torsdag 16. september er det klart for ope møte om reiselivsprosessen i Sykkylven. 

Reiseliv; Sykkylven: Åsne Helene Folstad, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, og ordførar Odd Jostein Drotninghaug er opptekne av reiseliv.  Foto: Terje Engås / Sunnmørsposten

Nyhende

Alle som har engasjement og interesse for å bidra til ei positiv utvikling av opplevingsnæringane i i Sykkylven er du velkomne til ope møte ved Promenaden Mat & Vinhus torsdag. Der får ein moglegheit til å høyre om gjennomført forstudie og no starten på utarbeiding av masterplan for Sykkylven som reisemål. Her ønskjer kommunen innspel.