Vil få på plass fartsdempande tiltak

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å gjere forholda tryggare i eit sentralt gangfelt i Dalevegen, og eit av tiltaka er å etablere fartsdempande tiltak. 

Trygginstiltak: Det er mange skuleelevar som kryssar Dalevegen.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

– Løysinga vil bli å etablere ein fartshump på kvar side av gangfeltet. På den måten får vi både redusert hastigheita inn mot gangfeltet, samtidig som vi får dempa fartsnivået inn mot krysset ved Kyrkjevegen og krysset ved Janbakkane, seier overingeniør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torunn Hopen.