Rema-tomta

Formannskapet stemte mot makebyte

Formannskapet i Sykkylven vil ikkje gå inn i ein makebyteavtale der Rema 1000 får bygge på kommunal tomt.

Mot: Olav Harald Ulstein (fremst) fremja forslag om at kommunen seier nei til makebyte med Rema 1000. Hans Petter Sørensen og Clara Aarseth-Strømmegjerde frå Arbeidarpartiet var einige.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Saka om makebyte ved Rema 1000-tomta, der Sykkylven kommune og REN Sykkylven AS vil kunne få og gje frå seg areal til kvarandre var oppe til høyring under møtet i formannskapet i Sykkylven måndag kveld. Det blei ein lang diskusjon, der fleire tydeleg sa at det er ein vanskeleg sak å drøfte.