Stor kostnadssprekk på Sjøholt

Orreneset Misjonssenter kan bli lagt ut for sal

Indremisjonsforbundet foreslår å selje leirstadane sine i Brusdalen og på Orreneset for finansiere budsjettoverskriding ved nye Sjøholt Folkehøgskule.

Vakkert: Orreneset Misjonssenter, som ligg idyllisk til ved Nysætervatnet, kan bli lagt ut for sal.  Foto: Terje Engås/Sunnmørsposten

Nyhende

I slutten av august opna Indremisjonsforbundet Sjøholt folkehøgskole. Først var det planlagt at prosjektet ville koste 40 millionar kroner, men i september i fjor hadde kostnadsramma auka til 65 millionar kroner. Dei siste tala viser at prisen vil verte 102 millionar kroner. Dette melder Sunnmørsposten.