Møte i Sykkylven Seniorakademi

Framtida for det norske språket

Sist torsdag var det møte i Sykkylven Seniorakademi. Temaet på møtet var dei utfordringane som det norske språket står overfor. Foredragshaldar var Margrethe Kvarenes som er seksjonsleiar i Språkrådet.

Foredragshaldar: Margrethe Kvarenes, seksjonsleiar i Språkrådet.   Foto: Lars Jørgen Vik

Nyhende

Kvarenes gav først ein oversikt over den norske språksituasjonen i dag. Mange av oss trur at norsk er eit lite språk i verdssamanheng, men det er diskutabelt, for det er eitt av dei 100 mest brukte språka i verda av dei til saman over 5000. Kvarenes meinte ikkje at det norske språket er direkte truga, men at det likevel finst nokre utviklingstrekk som gir grunn til uro og bekymring. Ho nemnde spesielt situasjonen innanfor høgare utdanning, der engelsk språk og engelske uttrykk heile tida utvidar bruksfeltet sitt. Ho nemnde også at engelske ord og uttrykk stadig gjer større innhogg i barnas verd, først og fremst gjennom spel og populære appar på nettbrett og telefonar. Dersom denne utviklinga held fram kan norsk i verste fall bli eit 'kjøkkenbordspråk', eit språk som berre vert brukt i reint private samanhengar.