Statsforvaltaren i Trøndelag opphever vedtak frå Fjord kommune

Strandaselskap får ikkje dispensasjon til oppdrettsanlegg

I april vedtok Fjord kommune dispensasjon til to akvakulturanlegg i Storfjorden. No har Statsforvalteren i Trøndelag gjort om på vedtaket.

Avslått: Norsk Sjømat Oppdrett AS har søkt om og fått dispensasjon til å bygge to akvakulturanlegg i Fjord kommune. No har Statsforvaltaren i Trøndelag gjort om på vedtaket.  Foto: Gorm Kallestad / NTB

Nyhende

Den 22. april i år blei ein søknad frå strandabedrifta Norsk Sjømat Oppdrett AS om disposisjon til to akvakulturanlegg i Storfjorden behandla i formannskapet til Fjord kommune. Desse anlegga ville bli lokalisert i områda Smineset og Urdaneset Nord. Det første området er nord for Dyrkornelva, medan Urdaneset Nord ligg mellom Stordalselva og Strandaelva. Dette området må ikkje bli forveksla med Uraneset i Stranda kommune, eller oppdrettsområdet «Urdaneset» ved Skafjellet i Stranda der Hofseth Aqua har eit anna oppdrettsanlegg på gang. Alle elvane er såkalla anadrome elvar, der laks og aure kjem inn i elvane for å gyte.