Han er ny prosjektleiar i kulturprosjekt i Geiranger

Musikar, komponist og kulturprodusent Ole Jørn Myklebust er tilsett som prosjektleiar i nye Smart fjord KULTUR satsing for Geirangerfjorden verdsarvområde.

Nytilsett prosjektleiar. Ole Jørn Myklebust ser fram til å ta fatt på jobben i Smart fjord KULTUR.  Foto: Nina Holtan

Nyhende

– Vi er strålande nøgd med å kunne styrke teamet vårt med ein slik sterk kandidat, som har lang erfaring frå ein internasjonal kulturbransje, melder direktøren i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Katrine Blomvik Bakken i ei pressemelding.