Flaskeposten:

Boge og blues

Bogeskyting og bluesmusikk er essensen i livet til Odd Arne Langeland (56), men han er også svak for bilar. Først og fremst Land Rover.

Musikar: Heilt sidan ungdomsskulen har musikk vore ein viktig hobby for Odd Arne. Han skriv låtar, syng og spelar gitar, og fleire av låtane hans kan ein høyre på Spotify. Her frå musikkrommet i kjellaren.   Foto: Privat

Nyhende

Sjølv om han er svært opptatt med både konkurransar innan bogeskyting, speling, låtskriving og diverse leiar- og trenarverv, finn han også tid til jobben sin som tømrar. For ikkje å snakke om familien, som er det aller viktigaste for han.