Martine Sve med sølv i Europacup-superfinale

I det Europeiske Skytterforbund sin heimecup det siste året, imponerte dei norske skyttarane i superfinalen på søndag. Martine Sve frå Stranda tok sølv.

Frå venstre: Martine Sve, Pernille Nor-Woll og Andrea Alstad.  Foto: Privat

Nyhende

Finalen i cupen vart vunnen av Pernille Nor-Woll, i sterk duell med Martine Sve som tok sølvplassen. Begge skyt for Kisen Msl i Ullensaker. Det var tyske Anita Mangfald tok bronseplassen. Det vart delt ut flotte premiar, mellom anna fekk vinnaren ei luftrifle og Martine Sve vann ein Capapie skyttardress.