Synspunkt:

Nostalgi og museale tankar

Samansurium: Eg synest at alle burde ha eit roteskuffemuseum heime. Rasket mitt fortel mykje om livet mitt som elles ville gått i gløymeboka.   Foto: Illustrasjon/fotomontasje: Linda Nygard-Sture

Nyhende

Den som sparer over tid, han blir rik heiter det. MEN i skrifta står det også at vi «ikkje skal samle i lader, der møll og rust fortærer …» På den tida dette vart skrive hadde dei vel ikkje kommodar og roteskuffer heller. Det har eg. Massevis av rot og dingsar utan økonomisk verdi. Likevel betyr dei mykje for meg. I skuffa ligg det billettar frå fotballkampar frå 1960-talet: Kampen den 18. juni i 1960 mellom Moltustranda og Larsnes og mellom Gjøvik Lyn og Sogndal i 1967. Her finn eg togtabellar frå Østfoldbanen frå 1970 – åra, turistbrosjyrar frå Bohuslän i Sverige frå 1980 og ni gamle menyar frå restaurantar på Jylland. Der ligg også eit utklipp frå Sunnmørsposten frå 1968 som omhandlar verknaden av nedbøren på kaffidyrkinga på Costa Rica og eit utklipp frå same avis der dei skildrar eit valdeleg opptrinn frå århundreskiftet: « En mand der var fuld, slo i går til en mand der ikke var fuld».