Foreslår redusert arbeidsgivaravgift for Sykkylven i statsbudsjettet

Sykkylven kommune har lenge ønskt å få senka arbeidsgjevaravgifta i kommunen. No kan dei ha fått vilja si.

Kaia i Sykkylven  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Dette kjem fram av forslaget til nytt statsbudsjett som den avtroppande Solberg-regjeringa presenterte tysdag. Her blir det foreslått at i alt fem kommunar i landet vil få endra kva sone dei ligg i når det kjem til arbeidsgjevaravgift. Slik det er i dag, ligg Sykkylven i sone 1, den same som Ålesund, og krev 14,1 prosent i arbeidsgjevaravgift. Stranda på si side ligg i sone 2, og har 10,6 prosent.