Før i tida

Nyhende

Ein orginal frå Homlong: Sølfest Syltevik med margarinkassa der han hadde mykje av sitt jordiske gods.  Foto: Margit Matvik. (frå boka Gardane langs Storfjorden av Harald Kjølås)

SYLTEVIK-SØLFEST: Solfest Syltevik var fødd på Homlong i Geiranger i 1865, og ti år gamal flytta han saman med far sin til Syltevika. Mor hans døydde då han var eitt år, og han var yngst av sju born. Etter at ho han trulova seg med fann ein annan, så selde han Syltevika og flytta. Han kom seinare attende til Geiranger, der han budde i naust, under heller og ute i det fri somrane. Han var litt av ein filosof og nesten alt han eigde fekk han plass til i margarinkassa som han bar med seg.