Vellukka jubileum i Straumgjerde

Etter tre dagar med jubileumsfeiring på Straumgjerde bedehus, kan ein fastslå at dette vart ei verdig 50-årsmarkering. Bedehuset har no vore i bruk i 50 år frå 1971.

Helsing og takk: Ordførar Odd Jostein Drotninghaug og Gunnlaug Bjerkvik Tandstad  Foto: Privat

Nyhende

Det heile begynte med ein konsert fredag med Credo Brass og Credo Kor. Credo Brass hadde sett saman eit variert og fint program, med høg musikalsk kvalitet. Det å spele eit messinginstrument krev meir øving enn det folk flest er klar over. Fleire av medlemene fortel at minst ein halvtimes øving kvar dag må til for å halde eit bra nivå. Og eit bra nivå, det har korpset, klangen er rein og presisjonen er god. Vi fekk også høyre fire songar framført av mannskoret til Credo, leia av Ivar Vestre. Firstemt mannskorsong med djupe bassar og lyse tenorar er det godt å høyre på. Korpset hadde også laga til ein morosam gjettekonkurranse der publikum fekk høyre utdrag av kjende songar der melodistemma ikkje var med. Så skulle tilhøyrarane gjette kva for ein song det var. Dette vart eit vellukka og artig innslag i konserten, vi vart faktisk litt imponerte over flinke publikumarar som kom fram til rett svar nokså raskt. Dirigent Jan Eldar Lyngvær og korpset avslutta konserten med ei spenstig og svingande framføring av «Hvilken venn vi har i Jesus», svært bra! Etter konserten var det servering av kaker og kaffi. Takk til Credo Brass for besøket.