Lovar gratis ferje i løpet av neste år

Måndag legg finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram tilleggsmeldinga til statsbudsjettet.

Gratis: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) lovar at dei minste ferjesambanda i landet vil få gratis ferje frå anten sommar eller haust i 2022. Her er han på ferja mellom Hundeidvik og Festøya, eitt av sambanda som vil bli gratis.  Foto: Amanda Røed Stave

Nyhende

Laurdag melde VG at regjeringa vil bruke ein milliard kroner i statsbudsjettet for å redusere alle ferjetakstane i landet. I tillegg til dette melder finansministeren at dei også vil bruke 30 millionar kronar for å gjere dei minste ferjesambanda gratis.