Foreslo å legge ned barnehagen i fjor – men ikkje denne gongen

I framlegget til økonomiplan i fjor blei det foreslått å legge ned Blakstad naturbarnehage. Dette er ikkje tilfellet i år.

Blir verande: Blakstad naturbarnehage blei foreslått nedlagt i fjor, men det er ikkje tilfelle i år.  Foto: Frank Kjøde

Nyhende

Under kommunestyremøtet måndag 8. november blei framlegget frå kommunedirektør Geir Ove Vegsund til budsjett og økonomiplan for Sykkylven presentert. Her blir det mellom anna foreslått å legge ned Tandstad barnehage, noko som også var tilfelle under budsjettpresentasjonen i fjor. Då blei også nedlegging av Blakstad naturbarnehage presentert som eit mogleg tiltak, men det er ikkje tilfelle denne gongen.