Før i tida:

Vegbygging i Aure sentrum, kvinneforeining i Velledalen og plate-automat med filmvisning

Gamle bilde frå Sykkylven.
Nyhende

AURE SENTRUM: Atle Grebstad Eliassen har sendt redaksjonen eit bilete frå Aure sentrum i 1957. Gravearbeidet på Fridtjof Fredriksen sin eigedom kan tyde på utviding av Kyrkjevegen. Bak ser vi det gamle bedehuset som vart rive i 1958 og flytta til Glomset der det står i dag. Bak bedehuset skimtar vi kommunehuset som vart tatt i bruk i 1954. På høgre sida av vegen står først det kvite Holeborg-huset til Jakob Amundsen Hole som vart bygd i 1909, dernest kjem Sparebankbygget som vart bygd i 1908. Vidare ser vi Lied-huset som vart bygd av strandaren Andreas Furset i 1907, og kjøpt av Ole T. Lied i 1911. Elles kan vi skimte Skotte-huset og Fønix-bygget. Det er framleis grusveg gjennom sentrumsgata. Det vart lagt asfalt i 1962. Vi har tre sentrale spørsmål. – Kven går framfor lastebilen, kan det vere kommunearbeidar Arne Lundestad som kom frå Sandane, og kven er eigar av lastebilen, og sist, kva er typenamnet på lastebilen? Legg elles merke til bulldosaren som gjer seg nytte av ein rampe for å få massen direkte opp i lastekassa.