Nytilsett:

Flytta heim til ny jobb

Ragnhild Stadheim brenn for frivillig arbeid har ein relevant bakgrunn for sin nye jobb.

Nytilsett: Ragnhild Stadheim frå Hellesylt er nyleg tilsett i Stranda frivilligsentral.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Ragnhild Stadheim er nyleg tilsett i Stranda frivilligsentral der ho i første omgang skal dele jobb med Aud Tomasgard Berstad. Begge to vil ha 50 prosent stilling der dei skal dele både på arbeidsoppgåver og kontortid. Stadheim har lang erfaring frå frivillig arbeid då ho i fleire år har arbeidd både i Røde Kors og SOS barnebyar på nasjonalt nivå. Ho har framleis ei halv stilling hos SOS barnebyar, og kan i stor grad utføre arbeidsoppgåvene sine der i kombinasjon med jobben i Stranda frivilligsentral.