Debuterer som utstillingsarrangør

For første gong har Sykkylven hundeklubb gleden av å invitere til uoffisielt kvalpeshow i treningslokala våre på Våtmyr.

Klare for utstilling: Linn Katrin Tafjord (t.v.) skal stille Berner Sennen-kvalpen Diva. Lena Lystrup og Hans Petter Brunstad Sørensen sit i arrangementskomiteen.   Foto: Privat

Nyhende

I januar 2020 vart Sykkylven hundeklubb ein eigen klubb etter å ha vore ei underavdeling i Sunnmøre hundeklubb i fleire år. Grunna koronapandemien har ikkje aktiviteten vore så stor som vi hadde ønskt, men no når samfunnet har opna opp igjen ønskjer vi å dra i gang ulike arrangement igjen.