Elevane tok tak og rydda veg

Friluftslivsklassa ved Vestborg vidaregåande var ute og rydda turstiar på Stranda.

Årleg: Friluftsklassa på Vestborg rydda turstiar på Stranda førre torsdag. Dei synest at dette kan vere eit årleg prosjekt der dei kan gi tilbake til lokalsamfunnet.  Foto: Privat

Nyhende

Torsdag 18. november var engasjerte friluftselevar ved Vestborg vidaregåande ute og rydda turstiar på Stranda. Ideen blei til etter ein samtale med Petter Hjørungdal.