Møtte kommunen i lagmannsretten: – Utfallet er heilt avgjerande for oss

Onsdag møtte grunneigarane av sentrumesskuletomta i Bakkeøyane, Sigurd Johan Saure, Julie Helen Strømme og Ole Erling Asbjørnsen Sykkylven kommune i lagmannsretten der anken av skjønsdomen som kom tidlegare i år skulle behandlast.

Grunneigarar: Sigurd Johan Saure (t.v.) og Ole Erling Asbjørnsen er spente på utfallet.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Det var på slutten av 2020 at det vart gjort avtalar mellom grunneigarane og kommunen. I avtalane skulle kommunen ta over eit areal på 62.200 kvm av Sigurd Johan Saure og Julie Helen Strømme, og i overkant av 1.000 kvm av Ole Erling Asbjørnsen til bygging av ny sentrumsskule.