1,2 millionar svindelmeldingar sendt ut siste døgnet - dette må du gjere om du har latt deg lure til å trykke på lenka

Telenor åtvarar alle brukarane sine om at det pågår eit storstilt svindelangrep. – Alle må følgje med og ikkje klikke på lenker, uttalar selskapet.

Svindel: Dette er ein av SMSane som ein av Nyss sine tilsette har fått. SMSane kjem frå ulike, vanlege mobiltelefonnummer.  

Nyhende

Det siste døgnet har det gått føre seg eit stort såkalla flubot-angrep, og Telenor opplyste tidlegare i dag at dei har blokkert nærare 1,2 millionar SMSar.