Lesefrykt - når orda blir ein fiende

Vi har snakka med Sander Bertelsen Drege (20) som er frå Stranda men er busett i Sykkylven. Han er elev ved Sykkylven vidaregåande skule, der han går påbygging. – Eg er utdanna elektrikar, og jobbar som det ved sidan av skulen, men vil ha studiekompetanse for å stå sterkare på fleire bein, til dømes om eg skulle oppleve yrkesskade. Norsk er ikkje eit fag eg har vore så god i akkurat, eg har aldri vore glad i å skrive, fortel han. Under ein fagdag i norsk denne hausten fann han likevel skrivegleda. – Vi skulle skrive ein kreativ tekst om noko vi brenn for, og då tok eg for meg eit emne eg har gått og tenkt ein del på, fortel Sander, som er forfattaren bak den sterke teksten under. 

Laga tekst: Sander Bertelsen Drege har skrive ein sterk tekst om det å ha lese- og skrivevanskar.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

No er det min tur til å ta ordet, for eg har noko viktig å fortelje. Då vi gjekk på barneskulen, lærte vi at det fanst noko som heiter dysleksi. Dysleksi visste vi ikkje noko om, før ein elev i klassen min blei diagnostisert. Læraren fekk det til å høyrast ut som «den store stygge ulven». Det var det som kom til å øydelegge livet mitt. Frå den stunda blei eg eigentleg ganske redd.