Innsendt:

Tombola med fiskesuppe attåt

Over 100 møtte opp til tombola på laurdag.

Juletombola: Mange møtte opp og kosa seg på Hægstad Gård på laurdag.  Foto: Privat.

Nyhende

Sunnylven Pensjonistlag hadde sist laurdag stor tombola med mange fine og kjekke gevinstar. På ein grå og regntung førjulsdag fann mange vegen til Hægstad Gård på Hellesylt, rundt 100 personar var innom i dei vel tre timane tombolaen varte.