Ein stille aktivist – synleggjer verdsproblem på sin måte

5. november stod museumsutstillinga klar. Marit Helen Akslen frå Sykkylven skal ha verka sine på utstilling i heile fire månadar.

Sjølvportrett: Marit Helen Akslen frå Sykkylven med sjølvportrett på veggen på museumsutstillinga på KUBE i Ålesund.  Foto: Amanda Røed Stave

Nyhende

Kunst er ikkje berre noko som er pent å sjå på. Gjennom tidene har fleire kunstnarar brukt sin kunst som protestverktøy. For det er ikkje slik at kunsten er passiv, utan betydning og utan formidling. Kunst kan kommunisere, og slik kan kunstnarar bruke sin kunnskap, erfaring eller meiningar til å ytre seg og fokusere på problematiske tema. Dette i von om at ein kan gjere ei endring. Ein kan kanskje seie at slik aktivisme kan vere like effektivt og viktig som ein høglydt protest.