Rasar mot framlegget til kommunebudsjett: – Det er vanstyre

Frank Sve er ikkje nådig mot framlegget til budsjett frå strandarådmann Åse Elin Hole.

Ikkje fornøgd: Frank Sve er ikkje særleg fornøgd med framlegget til rådmannen i Stranda til kommunebudsjett for 2022  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Eg har lest gjennom framlegget, og det er begredeleg lesing. Det er ei rasering av det kommunale tilbodet, særleg innan pleie og omsorg. Eg har aldri sett det så dårleg, seier Frank Sve (Frp) til Nyss.