Straumprisen har tjuedobla seg på under ein månad

6. november kosta straumen 9 øre per kilowattime. Måndag 29. november har prisen meir enn tjuedobla seg.

Kaldt: Det er kaldt for tida, som gjer at folk brukar meir elektrisitet til oppvarming. Straumen i Norge har aldri vore så dyr som den er no.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Lenge har vi her på Nordvestlandet og i Midt-Norge vore skåna for dei høgaste straumprisane. Medan folk lenger sør for oss har hatt rekord på rekord på høge straumprisar, har prisane heldt seg låge på denne kanten av landet.