Etterlyser framleis straumtilgang

I oktober skreiv Nyss om Andre Fredriksson som er dagleg leiar i Kvalitet frå havet. Han er frustrert over mangelen på straumtilgang på torget i Sykkylven sentrum, noko han meinte kan føre til at torgseljarar vel å ikkje kome dit. Han lurer på kven som er ansvarleg for lyset i julegrana.

Manglar straum: Andre Fredriksson som er dagleg leiar i Kvalitet frå havet er framleis frustrert over mangelen på straumtilgang på torget i Sykkylven sentrum.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Fredriksson og dei andre som ikkje nyttar plassen fast må legge skøyteleidning opp til Jernia BS Aure, som etter avtale gir tilgang til deira straum. Han uttalte at det ikkje kan vere meininga at ein skal vere prisgitt private forretningsdrivarar i området sin velvilje for å få tak i straum, og at Sykkylven energi burde kome på bana.