Fekk uventa telefon: – Eg blei superoverraska

Utan store forhåpningar sende nibbedølen Lars Helge Hanssen inn ølet sitt til NM i heimebrygg, så kom den uventa telefonen.

Matglad: Lars Helge Hanssen frå Sunnylven har lenge vore interessert i mat og kjøkkenkunstar, til dagleg er han kjøkkensjef og assisterande hotellsjef.  Foto: Classic Norway

Nyhende

Lars Helge Hanssen er født og oppvaksen i Nibbedalen i Sunnylven. Til dagleg er han kjøkkensjef og assisterande hotellsjef ved Finnøy Havstuer som ligg midt mellom Ålesund og Molde. No har han fått tittelen «Årets heimebryggar 2021» etter deltaking i NM i heimebrygg.