Støre: – Alle over 18 vil få tilbod om ein tredje dose før påske

Statsministeren minner om at pandemien ikkje er over, og ber alle som har takka nei til koronavaksinen om å takke ja.

Vaksine: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) minner om at pandemien ikkje er over. Han meiner vaksinering er den sikraste vegen ut av pandemien.  Foto: Annika Byrde / NTB

Nyhende

– Mitt hovudbodskap er at pandemien ikkje er over. Den er over i ein ny fase. Vi skal gjennom ein vinter som vil krevje at vi held kontrollen, for smitten vil vere blant oss, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han orienterte Stortinget om regjeringa si vidare koronahandtering.

Vidare oppmoda han alle som enno ikkje har takka ja til å vaksinere seg om å gjere det.

– Mitt klare bod til alle som har takka nei er: takk ja, og vaksiner dykk, sa Støre.

Han oppmoda også alle over 65 år om å takke ja til oppfriskingsdosen, og fortalde at også alle over 18 år vil få tilbod om ein tredje dose innan påske.

– Klarer vi det, reduserer det behovet for inngripande tiltak betrakteleg, sa statsministeren.

Støre forsikra samtidig om at staten vil ta rekninga for vaksinering også i 2022.