Mjuk gåve:

Bamse til trøyst

Den lokale ambulansetenesta fekk tildelt ei flott gåve frå Odd Fellow.
Nyhende

Loge nr. 137 Friaren på Stranda har kjøpt inn nærare 50 kosebamsar som vart delt ut til dei lokale ambulansane på måndag. Odd Fellow-bamsen har fått namnet Oddbjørn, men barna kan sjølvsagt gje den eit anna namn om dei vil.